Ferievikarar i Psykisk helseteneste og Legekontoret, sommaren 2019

ME HAR LEDIG
Me har behov for ferievikarar innan Psykisk helseteneste og på Legekontoret sommaren 2019

PSYKISK HELSETENESTE:
treng ferievikarar i tida ca.01.06.19 - 18.08.19.

Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med psykisk liding. Me oppmodar spesielt personar som er under utdanning innan helse - og sosialfag til å søkje.

Arbeidet vil føregå i psykisk helseteneste sine lokale. I tillegg vil det vere oppsøkjande arbeid i form av heimebesøk og aktivitetar.

Det er turnusarbeid, med lange vakter på helg.
Søkjarane må vera over 18 og det er krav om sertifikat.
Politiattest vert kravd framlagt, jfr. Lov om helsetenester

LEGEKONTORET:
Treng ferievikar i tidsrommet 24.06.19 - 18.08.19

Vi ynskjer ein person med medisinsk fagleg bakgrunn, starta utdanning innan helsefagarbeidar/sjukepleiar.

Det vert dagtid og søkjar må vera over 18.
Politiattest vert krevd framlagt, jfr. Lov om helsetenester.
Spørsmål ang denne stillinga kan rettast Marit Indrebø på epost: marit.indrebo@ardal.kommune.no

Årdal kommune

Søknadsfrist

mandag 4. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Taryn Seta Malkhassian

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.