Ferievikarar i heimetenesta/institusjonane, sommaren 2019

ME HAR LEDIG
Heimetenesta / institusjonane treng i tida ca.01.06.19 - 18.08.19 ferievikarar i følgjande stillingar denne sommaren:

HEIMEHJELPTENESTA:
Heimehjelparar i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
Det er arbeid på dagtid.

PERSONLEG ASSISTANSETILTAK:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i brukarane sin heim. Turnusarbeid.

ÅRDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i pleie.Turnusarbeid.

PRODUKSJONSKJØKKEN:
Kokk/assistentar til arbeid på produksjonskjøkken og kjøkken ÅBO. Turnus.

SEIMSDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar ( studentar/ elevar) og assistentar til arbeid i pleie. Turnusarbeid.

HEIMESJUKEPLEIEN:
Årdalstangen har kombinert arbeid i utesone og 1. etg. Årdal sjukeheim, Øvre Årdal har 2 soner ( ute og ÅBO). Vi treng sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar. Turnusarbeid. Må ha førarkort.

KORTTIDSAVD. ÅBO:
Sjukepleiarar / sjukepleiestudentar. Turnusarbeid

SØKNADEN MÅ INNEHALDE:
Namn, alder, adresse
Kvalifikasjonar
Kva stillingar og kvar du søkjer (i prioritert rekkefølgje)
Skriv i søknaden om du har førarkort.
Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg.
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar og HTA.
Søkjarar må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg, og må arbeide heile ferieavviklinga.
Politiattest vil verte krevd, jfr. Lov om helsetenester

Årdal kommune

Søknadsfrist

mandag 4. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Hilda Nese

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.