Sjukepleiar ved Jølster omsorgssenter Vassenden, 100% stilling

Jølster omsorgssenter Vassenden har ledig ei 100% fast stilling med tiltreding frå 01.05.19.Helse- og omsorgssektoren i kommunen er i ein utviklingsprosess, og vi treng fleire ny medarbeidarar i tenestene våre. Institusjonsomsorga i kommunen er samla og ny kortidsavdeling med plassar for rehabilitering, lindring, observasjon og avlastning er på plass. Ein har bygd nye omsorgsbustadar på Vassenden, og vi jobbar med å byggje opp naudsynt kompetanse. I einingane har vi fokus på at dei tilsette skal få nytte sin kompetanse på best mogleg måte og det vert lagt til rette for god fagutvikling i eit godt fagmiljø. Kommunen har prosjekt innan velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og nye dag - aktivitetsplassar. Kommunen har god barnehagedekning, to skular, fleire fritidstilbod og ein vakker natur å boltre seg i. Vi er hjelpsame med å skaffe bustad.
Menn vert oppmoda om å søkje
Vi søkjer medarbeidarar som har:
bachelor i sjukepleie
fordel med erfaring
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
har evne til å være fleksibel og motiverande
har sertifikat
Vi kan tilby:
rekruteringslønn for sjukepleiarar og vernepleiarar: kr. 30 000,- pr. år (0 – 6 års ansiennitet) over garantiløn
god opplæring
ein trygg og god arbeidsplass, der du i fellesskap er med og skapar eit godt arbeidsmiljø
bruk av tenestebilar i jobben  
Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Vitnemål og attestar vert etterspurd i intervju.

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med:
Finn Ove Arnes, tenesteleiar Jølster omsorgssenter - Vassenden.
Tlf:     57 72 64 72
Mob: 47 65 35 20

E-post: finn.ove.arnes@jolster.kommune.no
 
Søknad sendast via vårt elektroniske søknadssenter  på www.jolster.kommune.no
Søknadsfrist:  28.02.19                           Saksnr: 19/127

Jølster kommune

Søknadsfrist

torsdag 21. februar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.