Sjukepleiar

Open omsorg Lavik er lokalisert i Lavik Helsesenter. Ein yter heimebaserte tenester til om lag 60 brukarar i Lavik og Vadheim. PU gjev tenester til psykisk utviklingshemma i husvære knytta til helsesenteret i Lavik. Open omsorg har ledig 100% stilling som sjukepleiar – vikariat frå snarast og i eitt år. Arbeidsoppgåver er primært er hjelp, støtte og stell i dagleglivet til brukar som bur i eigen bustad i Lavik Helsesenter. Arbeidstida er for tida 12 timars vakter 4dg på/ 6dg av.


Vi ynskjer søkjarar som har:

  • utdanning som sjukepleiar. Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar kan vernepleiar/helsefagarbeidar bli tilsett.
  • førarkort kl B
  • evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • fleksibitet og er samarbeidsvillig
  • god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

Den som vert tilsett må påregne arbeid andre stader i open omsorg Lavik i periodar.


Kommunen har gode forsikring- og pensjonsordningar. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

Kontaktperson: einingsleiar Einar Magne Hogrenning 992 19 324
Søknad via vårt søknadssenter – merk sak 19/121

Høyanger kommune

Søknadsfrist

torsdag 21. februar 2019

Kontaktpersonar

Einar Magne Hogrenning

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.