Helsesjukepleiar ved Eid helsestasjon

Eid kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar frå 01.03.2019.
Ved intern tilsetjing vil det bli ledig 100 % prosjektstilling som helsesjukepleiar frå 01.03.19 til 31.12.19 med moglegheit for forlenging. Tiltaket er generell styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta.

Helsestasjonen er ein del av helseavdelinga og har felles avdelingsleiar med legekontoret og fysio- og ergoterapiavdelinga. Tenesta på Eid har 3,8 helsesjukepleiarstilling fast og 1,8 stilling i prosjekt.

Eid og Selje kommunar skal slå seg saman til Stad kommune frå 01. januar 2020. Kommunane arbeider med å samordne tenester og slå saman einingar. Det vert oppretta ei felles helsestasjonsteneste for Stad kommune organisert under einingsleiar for helse i Stad kommune. Helsestasjonstenesta vil ha ansvar for god og forsvarleg drift i heile kommuna.

For meir informasjon, sjå ekstern lenkje i denne annonsen.

Eid kommune

Søknadsfrist

søndag 27. januar 2019

Kontaktpersonar

Linda Gotteberg

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.