Sesongmedarbeider butikk 2019

Me søkjer fleire butikkmedarbeidarar for perioden 01.04 – 30.09.

Me søkjer etter blide og serviceinnstilte medarbeidarar med kundetekke og salstalent. Du må like å arbeide i eit hektisk miljø, vera strukturert, kunne arbeide sjølvstendig og trivs i direkte kontakt med kundar. Gode språkkunnskapar er ein fordel.

Arbeidsoppgåvene kan blant anna vere å:

·       Alltid gjere den beste og mest serviceinnstilte kundebehandlinga
·       Stå i kassa og gjere sal, dagsoppgjer og vareteljing
·       Sørgje for at det er god orden i butikken
·       Bidra til sunn drift av butikk, eventyrlege salstal og oppnåelse av butikkens budsjett
·       Fremme og følgje opp konsept for butikken
·       Saman med avdelinga for varelagerstyring, sørgje for at me har rett produkt til rett tid tilgjengeleg

Erfaring frå liknande arbeid vil være ein fordel, men er ikkje eit krav da opplæring vil bli gitt.

Me tilbyr konkurransedyktige lønnsvilkår og gode karriere -og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Me har behov for fleire medarbeidarar i løpet av perioden april-september. Venlegast informer i søknaden om når i denne perioden du kan jobbe, samt kva stilling du søkjer på.

Ynskjer du ytterlegare opplysningar vedrørande stillinga, ta kontakt med Birgittha Sandström på telefon 94022378 .

Flåm AS

Søknadsfrist

fredag 25. januar 2019

Kontaktpersonar

Birgittha Sandstrom

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.