Produksjonsleder melkebehandling

Vil du vere med å behandle kanskje verdens finaste mjølk?


TINE Meieriet Byrkjelo søkjer etter en ny produksjonsleiar for avdeling mjølkebehandling då vår noværende har fått ny stilling i TINE. Produksjonsleiar skal sikre sikker og effektiv produksjon som oppfyller krava til kvalitet, leveringsgrad og totale kostnadar for relevant produksjonsområde.

Arbeidsoppgåver

HMS-ansvarleg innan eige ansvarsområde og sørge for nødvendige vernetiltak

Personalansvar for tilsette på avdelinga, utøve synlig leiing og sikre effektiv utnytting av ressursane

Dagleg planlegging av arbeidet

Sørge for effektiv produksjon/drift

Vere pådrivar for kontinuerleg forbetring innanfor ansvarsområde  

Sikre etterleving av eksterne lover og forskrifter, kundekrav og interne standarder

Sikre god informasjonsflyt i avdelinga og mellom avdelingar

Gjennomføre og/eller delta i lokale prosjekt

Følge opp vedtatte måltall og resultatsikring

Bidra til å fastsette mål, utvikle nødvendige planar, gje innspel til investeringsbudsjett og utarbeide driftsbudsjett


Kvalifikasjonar

Minimum teknisk fagskule eller tilsvarande utdanning

Fortrinnsvis ledererfaring med personalansvar

Erfaring fra produksjon av matvarer eller industrielle prosessar er ein fordel.


Personlige eigenskapar

Ta HMS på alvor

Evne til å motivere medarbeidarar

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 

Strukturert

Forbetringsfokusert

Sjølvstendig og løysingsorientert


Vi tilbyr

Utfordrende arbeidsoppgåver

Løn etter avtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Tilpassa opplæring.

Mogelegheit for fagleg utvikling

Hjelp til å skaffe bustad.


Vi foretek bakgrunnssjekk av søkjarar/den som vert tilbudt stillinga for å verifisere opplysningar som framgår av CV og tilgjengelig dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast ikkje utan samtykke frå søkjaren og aktuelle søkjarar vil motta nærare informasjon om dette.

TINE Meieriet Byrkjelo

Søknadsfrist

mandag 21. januar 2019

Kontaktpersonar

John R. Krøke

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.