Maritim Forening søker trainee innan fornybar energi med vekt på hydrogen

Maritim Forening Sogn og Fjordane er ein medlemsorganisasjon for aktørar i dei havbaserte næringane. Vi jobbar for auka verdiskaping for våre medlemmar. Vi har etablert ei hydrogenklynge - Ocean Hyway Cluster (OHC). I november 2018 blei OHC tatt opp i det nasjonale klyngeprogrammet Norway Innovation Cluster. 

Som trainee hos oss får du vere med og utvikle nye og eksisterande møteplassar for å synleggjere bedriftene som satsar på hydrogen. Di rolle vert også å kople både nasjonale og internasjonale aktørar saman slik at bedriftene kan realisere forretningsmessige moglegheiter innanfor ein ny og revolusjonerande teknologi

Til vårt arbeid i OHC søker vi ein nettverksbyggar med teknisk bakgrunn som ønsker ein spennande og utfordrande kvardag. Du vil oppleve eit dynamisk og utviklande arbeidsmiljø, samt få tilgang til eit stort nettverk med gode karrieremoglegheiter.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektretta aktivitet mot medlemsbedrifter
  • Samhandling med aktørane i klynga
  • Delta i ulike nettverk
  • Driftsoppgåver knytt til OHC

Kven ser vi etter

  • Teknisk bakgrunn, fortrinnsvis med relevans for havbasert næring og/eller energi/miljø
  • Fordel med erfaring innan hydrogen, fagleg eller praksis
  • Initiativrik og har ein sterk gjennomføringsevne
  • God forretningsforståing
  • Nettverksbyggar
  • Gode analytiske eigenskapar

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Tilsetting: Etter avtale, seinast august 2019

NB: Alle traineestillingane må søkjast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registrere deg her.

Maritim Forening Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Kristin Svardal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.