Aurland kommune søker trainee: Geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar

Pleie og omsorg i Aurland kommune gir tenester til heimebuande og brukarar ved Aurland helsetun. Aurland helsetun har tilsaman 24 institusjonsplassar fordelt på tre avdelingar. Aurland kommune startar ved årsskiftet eit prosjet som, dei neste to åra, skal ha eit særleg fokus på kvardagsrehabilitering som arbeidsmetode og kvardagsmeistring som tanksett.  
Pleie og omsorg har demensteam, dagsenter for heimebuande demente og ressurssjukepleie i kreftomsorg.  

Det er tilsaman om lag 70 tilsette i tenesta fordelt på 50 årsverk. Både institusjonstenesta og heimebasert omsorg har per tida tre-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. 

Med traineestilling som sjukepleiar får du
  • Jobbe på fleire arbeidsstader for å få eit innblikk i ulike arbeidsområde innan sjukepleiefaget
  • Traineetida gjer det mogeleg for deg å kunne arbeide med interessante og varierte arbeidsoppgåver, samt utvikle den sjukepleiefaglege kompetansen din
Me ser etter deg som
  • er geriatrisk sjukepleiar/sjukepleiar med inntil tre års erfaring
  • ynskjer faglege utfordringar og variasjon i arbeidet
  • er motivert, lærevillig, strukturert og oppteken av å fullføre oppgåver
  • har engasjement for pasientane og er stolt av yrket
  • er utadvendt og har godt humør 
  • er sjølvstendig samstundes som du samarbeider godt med andre
  • har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskap

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Det er krav om godkjend politiattest.

Me kan tilby 
  • 100 % stilling og gode mogelegheiter for fast tilsetting etter at traineeperioden er over
  • Høg fagkompetanse og godt læringsmiljø
  • Samarbeid med nyoppretta fagutviklarstilling
  • Ulike velferdstilbod per tida gratis bruk av treningsrom/styrkerom
  • Løn etter tariff
  • God pensjons- og forsikringsordning
Som Framtidsfylket Trainee får du
  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee 
  • Minimum bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg 

Traineeordninga går frå august til august. 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje er brukar kan du registere deg her.

Aurland kommune

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Norunn Haugen

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.