Førstekonsulent/rådgjevar innan areal- og samfunnsplanlegging

I planstaben til fylkesrådmannen er det ledig eit vikariat frå 1. januar 2019 til 31. desember 2019, som førstekonsulent/rådgjevar innan fagområdet areal- og samfunnsplanlegging. Planstaben er ein aktiv plan- og utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringsliv og organisasjonar arbeider med plan- og utviklingstiltak i fylket. 

Arbeidsoppgåver vil vere:
  • Regional planlegging der oppgåvene er knytt til å organisere og gjennomføre planprosessar, i samarbeid med statlege etatar, regionale instansar, kommunar og organisasjonar 
  • Støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging 
  • Vidareutvikle Planforum som eit viktig verktøy og møteplass 
  • Bidra med handsaming og fråsegner til kommunale planar 

Vi krev:
Mastergrad innan areal- og samfunnsplanlegging, ev. geografi, samfunnsgeografi eller landskapsarkitekt. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.

Vi vektlegg:

  • Erfaring frå arbeid med areal- og samfunnsplanlegging på lokalt eller regionalt nivå. 
  • Godt kvalifiserte nyutdanna vil òg bli vurderte 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • God kunnskap om plan- og bygningslova 
  • Kunnskap og interesse for offentleg forvaltning 
  • Samfunnsengasjement 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Prosesskompetanse og god gjennomføringsevne 

Vi kan tilby deg:
  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Dekking av flytteutgifter 

Arbeidsstad: Leikanger

På heimesida vår www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.

Nærmare opplysingar får du hjå plansjef Synnøve Stalheim, telefon 478 97 260. 

Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.

Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 

Søknadsfrist: 28. desember 2018

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

fredag 28. desember 2018

Kontaktpersonar

Synnøve Stalheim

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.