Sogn og Fjordane Energi søker trainee innan digitalisering og IKT

Fornybar energi er framtida, og Sogn og Fjordane Energi (SFE) si kjerneverksemd. Med base i fjordfylket er SFE ein viktig aktør innan produksjon, distribusjon og sal av straum. Med ei digital framtid i møte ser vi etter deg som er ein kreativ teknolog i starten av karrieren, og som ønskjer å vere trainee i SFE-konsernet

Vi søker deg som har:

  • Mastergrad innan relevante fag, med maksimalt tre års arbeidserfaring
  • God forståing for analyse, teknologi og digitalisering
  • Evne til å forstå korleis vi kan nytte teknologi som grunnlag for effektivitet, samordning og bruk av tilgjengelege data i våre forretningsprosessar

Du er som person:

  • Nysgjerrig, engasjert og initiativrik
  • Analytisk, strukturert, målretta og oppteken av å levere resultat
  • Oppteken av ny teknologi, trendar og presentasjonsformer
  • Likar å samarbeide, og er god til å kommunisere på tvers av fagområde
  • Du ser korleis ny teknologi kan bidra til ein betre og meir effektiv arbeidskvardag – og berre kriblar etter å kome i gang

Arbeidsoppgåver:

  • Du vil hjelpe dei ulike fagmiljøa i konsernet med utvikling, analyse, rapportering og auka automatisering av arbeidsprosessar. I korte trekk handlar dette om:
  • Utvikle meir effektive arbeidsprosessar gjennom å få ulike system til å utveksle data, slik at arbeidsprosessar og informasjon flyt gjennom systema på ein effektiv måte. 
  • Automatisere tiltak og prosessar basert på underliggande data.
  • Analysere og presentere data som støtte for arbeidsflyt, internkontroll og strategiske val.
  • Etablere gode grensesnitt og interaksjon mellom system og tilsette sine digitale flater

Du vil arbeide med databasar, integrasjon, visualisering og analyse, og interesse for teknologi, utvikling, analyse og presentasjon er difor viktige eigenskapar.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere initiativrik og drivande for det du held på med, samtidig som at god kommunikasjon og godt samarbeid på tvers av fag og avdelingar vil vere svært viktig for at vi skal lukkast med å få den nye teknologien til å bli del av kvardagen vår. 

Tilsetting:

Du vil bli tilsett på avdeling for IKT-utvikling i morselskapet vårt, og arbeide tett opp mot alle dei tre verksemdsområda våre, produksjon, nett og kraft. 

Arbeidsstad er Sandane og lønn etter avtale. Som trainee i SFE, deltek du i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket Trainee 

  • Minimum bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg 

Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Tilsetting: August 2019

Sogn og Fjordane Energi

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Ole-Bent Søreide

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.