Ledig stilling som badevakt

Kultureininga i Førde kommune omfattar 15 årsverk fordelt på 26 tilsette. Eininga administrerer Førdehuset med bibliotek, idrettshall, symjehall, kino, teatersal, konsertsal, kulturadministrasjon og utleigerom.

Vi har ledig stilling som badevakt

Vi søker etter kvinneleg badevakt for snarleg tilsetting i ca. 30 % fast stilling. Arbeidstid er kveld og helg.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • svare for sikkerheita i symjehallen
  • vere kjentmann og vert for badegjestane
  • utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstu
  • selje billettar når resepsjonen er stengt

Krav til søkar:

  • gode symjeferdigheiter
  • må bestå livredningsprøve før tilsetting

Vi ønskjer at du:

  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • er fleksibel med omsyn til arbeidstider; kveld og helgearbeid
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Søknad

Du søker med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje sak nr. 18/4405.

Førde kommune

Søknadsfrist

søndag 16. desember 2018

Kontaktpersonar

Fagleiar Inge Larsen

Einingsleiar Johan Bengtsson

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.