Fast stilling i kampfiksingseininga i Lotteritilsynet, Førde

Norge signerte i 2015 Europarådets konvensjon om manipulering av idrettskonkurransar. Hovudmålsetjingane er å førebygge, avdekke og straffe nasjonal og internasjonal manipulering i tillegg til å fremje nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Konvensjonen krev at kvart land etablerer ei nasjonal platform som skal ha ansvar for å koordinere arbeidet. 

Den nasjonale platforma (eininga) skal gjennom innsamling og vidareformidling av informasjon bidra til å avverge og avdekke konkrete tilfelle av manipulering av sports- og idrettskonkurransar. I Norge er denne eininga plassert i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde og har to stillingar, der den eine no er ledig.

Vi ønskjer søkjarar som har på evne til å tenke nytt og annleis, og som vil vere med på å vidareutvikle eininga. Stillinga blir lyst ut som rådgjevar eller seniorrådgjevar.  

Finn meir informasjon om stillinga og lenke til søknad (webcruiter)

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Søknadsfrist

mandag 17. desember 2018

Kontaktpersonar

Eirk Haugen Tysse

Henrik Nordal

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.