Ledige vikariat - inntil 200% stilling som pedagog / fagarbeidar

Mona barnehage søkjer etter medarbeidarar i ulike vikariat frå snarast til 14.7.19. Følgande stillingar er ledige: 
- 100 % vikar for pedagog frå snarast til 14.07.19 
- inntil 100 % vikar for fagarbeidar, evt. assistent i perioden 01.01.19 – 30.04.19 

Til pedagogstillinga ønskjer vi primært søkjarar med barnehagelærarutdanning, men også andre med relevant høgskuleutdanning er velkomne til å søkje. 

Mona barnehage er ein 6 avdelingsbarnehage og ligg sentralt til på Sandane. 
Vi har gode turmoglegheiter, tilgang på grillhytter, to kaniner og 29 flotte medarbeidarar. Våre satsingsområder er bl.a språk, friskliv og tidleg innsats. 
Meir informasjon om barnehagen: www.mona.barnehage.no eller Mona barnehage på facebook.

Arbeidsoppgåver

  • Du som vert tilsett må jobbe i tråd med Rammeplan, årsplan/periodeplan for barnehagen og Circle of security (COS). Du må og vere deltakande i utarbeidinga og gjennomføringa av beste praksis. Som tilsett skal du delta aktivit i leik, aktivitet og dagleg omsorg. Du må og like å vere ute. 
  • Til pedagogstillinga ligg det ansvar for oppfølging av enkelt barn og nært samarbeid med ped.leiar. Dette inneber at du må ta ansvar, ha oversikt og kunne jobbe sjølvstendig og i team.

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning
  • God IT-kompetanse
  • Interesse innan friluftsliv
  • Gode samarbeidsevner
  • Nytte nynorsk som skriftspråk og snakke godt norsk

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter medarbeidarar som er opptatt av barna sitt beste, som er reflektert og som har evne til å jobbe i eit stort team. Du som vert tilsett må ta initiativ til, og vere deltakande i leik og aktivitet saman med barna. Du må og ha evne til å ha oversikt over gruppa og det enkelte barn sitt behov, samt ha eit nært samarbeid med foreldrene kring barnets beste.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
  • Variert arbeid i eit fagleg miljø 
  • Godt arbeidsmiljø.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. 
  • Det må leverast politiattest før tiltreding

Med bakgrunn i pågåande budsjettbehandling og nedbemanning i kommunen, vert det teke atterhald om at andre tilsette kan ha førerett til stillinga.

Gloppen kommune

Søknadsfrist

tirsdag 18. desember 2018

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.