Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søker trainee innan kommunikasjon- og marknadsføring

Senteret er godt kjent innan helseregion vest, og har nå mål om også å gjere tilbodet ved institusjonen betre kjent i andre deler av landet. Til dette arbeidet ynskjer vi ein kreativ person med gode kommunikasjonseigenskapar og kunnskap om digital marknadsføring.  

Hovudoppgåvene vil vere

  • Intern og ekstern kommunikasjon
  • Utarbeiding av informasjonsmateriell og årsrapportar
  • Produsere innhald til saker til heimeside, facebook  og andre aktuelle sosiale medium
  • I tillegg vil du vere ein viktig ressurs ved utarbeiding av materiell til interne og eksterne arrangement, kurs og andre aktivitetar

Vi ynskjer kandidatar med følgjande eigenskapar

  • Bakgrunn frå marknadsføring, mediefag eller journalistikk
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter skriftleg og munnleg
  • God forståelse og interesse for digitale medium
  • Gode språkkunnskapar - norsk og engelsk
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee 

  • Minimum bachelor- eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg 

Oppstart: 15.08.2019 eller etter avtale

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Søknadsfrist

march 01, 2019 23:59

Søk stilling

Kontaktpersonar

Linda Meier

Cookies help us deliver our services. By using our services, you agree to our use of cookies.