Enivest søker trainee innan forretningsutvikling

Kven er du?
Du har bachelor eller mastergrad og eit ønske om å gjere ein innsats innanfor eit eller fleire av våre fagmiljø: Telekom, IKT, nettverk, systemutvikling, programmering, kundeservice, sal, økonomi, marknad, HR, forretningsutvikling.

Dine viktigaste arbeidsområde blir å delta i utvikling av nye produkt, forbetre og optimalisere arbeidsprosessar, samt implementere endringar og nye løysingar i organisasjonen. 

Kva kan vi gje deg som trainee

  • Ein spennande start på karriera di i eit innovativt og lærerikt miljø
  • Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling
  • Konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetjing

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane 
  • Fagleg og personleg utvikling 
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur 

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad 
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie 
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg  

Pågangsmot og glimt i auget er eit stort pluss.  

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2019 til august 2020. 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Enivest er det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområdet. Enivest arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er GET partnar på distribusjon av TV. Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet har i dag 50 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling. Sjå meir informasjon på våre nettsider: www.enivest.no 

Enivest

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Stig Myrmel

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.