Sogn og Fjordane fylkeskommune søker trainee innan areal- og samfunnsplanlegging

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.

Fylkeskommunen ved planstaben er ein aktiv plan- og utviklingsaktør som saman med kommunane, statlege etatar, næringsliv og organisasjonar arbeider med plan- og utviklingstiltak i fylket. 

Hovudtyngda av regionalt planarbeid i 2019 vil vere knytt til arbeidet med «Regional planstrategi for Vestland», «Folkehelseoversikt for Vestland» og «Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter». Dei ulike handlingsprogramma til eksisterande planar skal òg følgjast opp. I tillegg er samarbeidet og rådgjeving av kommunane eit viktig arbeidsområde.

Du får blant anna jobbe med

  • Regional planlegging der oppgåvene er knytt til å organisere og gjennomføre planprosessar, i samarbeid med statlege etatar, regionale instansar, kommunar og organisasjonar
  • Støttespelar og rådgjevar for kommunane ved kommunal planlegging 
  • Bidra med handsaming og fråsegner til kommunale planar 

Du bør ha

  • Mastergrad innan areal- og/eller samfunnsplanlegging, ev. geografi, samfunnsgeografi eller landskapsarkitekt 

Vi vil gjerne høyre frå deg om du har

  • God kunnskap om plan- og bygningslova
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Ev. erfaring frå arbeid med areal- og samfunnsplanlegging på lokalt og regionalt nivå
  • Ev. GIS-kompetanse
  • Samfunnsengasjement
  • Kunnskap om, og interesse for offentleg forvaltning
  • Prosesskompetanse
  • Gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner 

Vi kan tilby deg

  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ei ganske fri stilling der du har moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet

Arbeidsstad: Leikanger 

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt 3 års arbeidserfaring
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi oppmodar personar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn til å søkje. Søkarane til stillinga kan ha maksimum tre års arbeidserfaring. Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Synnøve Stalheim

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.