Sogn og Fjordane fylkeskommune søker trainee innan økonomi

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner. 

Fylkeskommunen er ein aktiv og sentral aktør i norsk kulturliv. Kulturseksjonen forvaltar i 2019 om lag 150 mill. kroner, som både er fylkeskommunale midlar og statlege midlar til kulturtiltak i Sogn og Fjordane. Det vert stilt store krav til økonomiforvaltninga. 

Du får blant anna jobbe med
  • Budsjett og rekneskap, utbetalingar, kontrollar, m.m. 
  • Noko sakshandsaming 
  • Rettleiing til andre i seksjonen om økonomiforvaltning 
Du bør ha
  • Minimum bachelor innan økonomiske-/administrative fag 
Vi vil gjerne høyre frå deg om du har
  • Noko arbeidserfaring frå offentleg, privat eller frivillig sektor
  • Kjennskap til Visma (økonomisystem) 
  • Mastergrad i økonomiske-/administrative fag
  • Analytiske evner
  • Løysingsorientert 
  • God arbeidskapasitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby deg
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeidsstad: Førde 

Som Framtidsfylket Trainee får du
  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee
  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt 3 års arbeidserfaring
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi oppmodar personar med nedsett funksjonsevne eller med innvandrarbakgrunn til å søkje. Søkarane til stillinga kan ha maksimum tre års arbeidserfaring. Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. 

NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket. Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Søknadsfrist

fredag 1. mars 2019

Søk stilling

Kontaktpersonar

Ingebjørg Erikstad

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.