Vikar i Aktiv jobb

Vi ønskjer kontakt med personar som ønskjer å vere vikar på tilkalling ved våre avdelingar i indre og i ytre.

Vi søkjer etter fagarbeidar/miljøarbeidar/terapeut innan helse/sosial eller pedagogiske fag. Andre med relevant erfaring kan søkje.Dei som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.
Hovudoppgåver for stillinga:• Direkte brukarretta arbeid• Samhandling internt og eksternt
Må ha førarkort kl. B
Bremanger kommune kan tilby:
Løn etter avtale
God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 
Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 
 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 6. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.