Miljøarbeidar ved Bremanger sjukeheim

Ved Bremanger sjukeheim har vi ledig eit årsvikariat på 50% som miljøarbeider frå mars 2019. 

Aktivitet og trivsel er ein viktig del av eit heilheitleg omsorgstilbod. Bremanger sjukeheim søkjer etter engasjert, sjølvstendig, målretta og kreativ person for å utføre aktivitetar saman med pasientane våre og for å til retteleggje for og planlegge aktivitetar og kulturtilbod.
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til å på ulike måtar kunne tilby pasientane våre tilpassa aktivitetar både ute og inne, samt leggje til rette for ulike kulturtilbod.
Aktivitetar kan vere i forhold til ein og ein pasient, og i små eller større grupper.


Sentrale element i aktivitetsarbeidet vert 
• tilrettelegging av fysisk aktivitet
• sosiale og kulturelle aktivitetar gjerne med stor vekt på musikk
• sosialt samvær 
• trivsel og måltidsfellesskap
• velværetiltak
• kulturelle opplevingar


Sentralt i arbeidet vil også vere samarbeid internt og eksternt med ulike partar i forhold til å planlegge og gjennomføre aktivitetar og kulturtilbod, til dømes samarbeid med frivillige organisasjonar.


Arbeidstida vil i hovudsak vere fordelt på tre dagar i veka og vil vere noko fleksibel.
Ideelle kvalifikasjonskrav:Personlege eigenskapar som gjer ein særleg eigna til stillinga; som interesse og engasjement for miljøarbeid og erfaring med arbeid for denne pasientgruppa.
Personen må ha ei relevant utdanning, gjerne utdanning som aktivitør eller hjelpepleiar/ helsefagarbeider. Andre kan også søke. Det er ein fordel med særskild kompetanse i forhold til eldre og demens.


Stillinga kan eventuelt kombinerast med ei stilling med helgearbeid for å oppnå ein større stillingsprosent.


Det er ein fordel med førarkort. 
Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 
 
Bremanger kommune kan tilby:
Løn etter avtale
God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass


Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 6. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.