Fagleiar psykisk helse

Frå 01.02.2019 vert det ledig ei 100% fast stilling som fagleiar i psykisk helse. 

Fagleiar vil vere ansvarleg for psykisk helse og einetiltak tilhøyrande psykisk helse. 
Vi søkjer deg som er utdanna sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom.Der er ein fordel om du har vidareutdanning og/eller erfaring frå både administrasjon og psykiatri.
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
er løysingsorientert
kan dataverktøy
kan arbeide under press
kunne nytte norsk munnleg og skriftleg
har førarkort
 
 Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 
Bremanger kommune kan tilby: 
Løn etter avtale
God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

###a class="print blue button">Skriv ut 

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 6. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.