Driftssjef ved Bremanger sjukeheim

Driftssjefen ved Bremanger sjukeheim skal ta til i ny stilling i vår organisasjon, og vi søkjer derfor etter hennar etterfølgjer.

Driftssjefen er ein del av leiargruppa i Bremanger kommune, og direkte organisert under kommunalsjef for Helse og omsorg.Driftssjefen har det økonomiske, faglege og administrative ansvaret for Bremanger sjukeheim som driftseining.

Kvalifikasjonar for stillinga:
Vi søkjer ein tydeleg, målretta og handlekraftig leiar som både stiller krav til og viser omsorg for sine tilsette og set mottakarane av tenestene i sentrum.


Kommunen ønskjer ein driftssjef som:
• Er oppteken av heile kommuneorganisasjonen og er ein lagspelar
• Kan leie Bremanger sjukeheim i tråd med kommunen sine leiarprinsipp
• Er ein pådrivar med stort engasjement for planlegging og utvikling av tenester og organisasjon
• Kan delta i og leie prosjekt
• Har evne og vilje til å leie vårt dyktige personale
• Har gode datakunnskap
• Er ressursorientert
• Har autorisasjon som sjukepleiar, leiarkompetanse og praksis som leiar
• Som legg vekt på å skape gode samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt.
• Som har gode skriftlege og munnlege framstillingsevne
• Har kunnskap, interesse og engasjement for aktuelt fagområde.
• Arbeider aktivit med kvalitetsutvikling, set mål og visjonar. 
• Føremon med erfaring som leiar i kommunal sektor


Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. 
Gode norskkunnskapar vert vektlagt.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 
 
Bremanger kommune kan tilby:
Løn etter avtale
God pensjonsørdning og heildøgns forsikring
Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Bremanger kommune

Søknadsfrist

søndag 6. januar 2019

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.