Marknads- og kommunikasjonsmedarbeidar

Vi søkjer ein engasjert og kreativ kommunikasjonsmedarbeidar til vikariat.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag nettportalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

Framtidsfylket er ein liten organisasjon med store ambisjonar, høg aktivitet og ein variert arbeidskvardag. Vi leverer også tenester til Sogn og Fjordane Næringsråd. No skal ein av våre kollegaer ut i foreldrepermisjon, og vi ser difor etter deg som har moglegheit til å tre inn i eit vikariat frå snarast mogleg til 30. september. 

Arbeidsoppgåver

  • Sal- og marknadsarbeid
  • Innhaldsproduksjon til Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd sine kanalar
  • Administrative oppgåver
  • Planlegge og gjennomføre kommunikasjonstiltak, marknadsaktivitetar og arrangement i samspel med resten av teamet

Eigenskapar

  • Fleksibel, god arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig
  • Samarbeidsorientert og god gjennomføringsevne
  • Kunnskap om digital marknadsføring
  • Kjennskap til næringslivet i Sogn og Fjordane
  • Og framfor alt: Du har eit brennande engasjement for Sogn og Fjordane

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling i eit lite team med stor ekstern kontaktflate
  • Gode arbeidsverktøy, dyktige kollegaer, samt eit utviklande og hektisk arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Fleksitid
  • Brei arbeidserfaring på kort tid

Kontorstad: Førde (Peak Sunnfjord)

Oppstart: Snarast mogleg

Skriftleg søknad med cv og attestar sender du til linda@framtidsfylket.no

Merk e-posten: «kommunikasjonsmedarbeidar».

Søknadsfrist: 28. november 2018

Framtidsfylket AS

Søknadsfrist

november 28, 2018 23:59

Søk stilling

Kontaktpersonar

Linda Hovland