Ledige stillingar innan økonomi, administrasjon og kommunikasjon

To av våre medarbeidarar går av med pensjon og vi får stadig fleire oppgåver. Vi søkjer derfor nye medarbeidarar i administrasjonen. Har du lyst til å vere med å utvikle Vestlandsforsking vidare? Vi treng deg i viktige funksjonar.

Vi søkjer etter ein økonomirådgjevar, ein konsulent innan administrasjon og lønn, og ein kommunikasjonsrådgjevar  Dei tre stillingane vil samarbeide i eit team, og ved behov må de rekne med å bistå kvarandre med dei administrative oppgåvene. Administrasjonen har ansvar for lønn, rekneskap, budsjettarbeid, rapportering og analysar og har støtte- og kontrollfunksjonar for forskingsprosjekta ved instituttet. Administrasjonen har viktige oppgåver i den daglege drifta og har òg oppgåver knytt til forskingsformidling og kommunikasjon. Stillingane medfører at du får stor kontaktflate i heile organisasjonen.

Økonomirådgjevar

Økonomirådgjevaren har ansvar for rekneskap, budsjettarbeid, rapportering og analysar, og har ein viktig støtte- og kontrollfunksjon for prosjektarbeidet ved instituttet ved å følge opp økonomien i forskingsprosjekta. Andre oppgåver er å støtte forskarane i søknadsarbeid, prosjektkoordinering og kontraktar, samt rådgjeving til leiinga. Instituttet deltek i regionale, nasjonale og internasjonalt finansierte prosjekt som har ulike krevjande økonomi- og rapporteringsordningar.

Du må ha fleire av følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi og administrasjon.
  • Gode analytiske evner og god rekneskapsforståing.
  • Erfaring frå økonomi-, budsjett- og rekneskapsarbeid med gode dokumenterbare resultat frå tidlegare arbeidsforhold.
  • Erfaring med eksternt finansiert aktivitet, både nasjonale og internasjonale prosjekt.
  • Gode ferdigheiter i og erfaring med bruk av digitale administrasjons- og økonomisystem.
  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk.
  • Gode språk og skriveferdigheiter på norsk og engelsk.

Konsulent lønn og administrasjon

Konsulenten har ansvar for lønn og reiserekningar. Den som vert tilsett vil delta aktivt i den daglege drifta av instituttet, og inneha ulike administrative støttefunksjonar inkludert HR og HMS. Andre arbeidsoppgåver vil vere rapportering, innkjøp, organisering av arrangement og legge til rette for møter.

Du må ha fleire av følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan lønn og administrasjon.
  • Relevant arbeidserfaring innan lønn og administrasjon med gode dokumenterbare resultat frå tidlegare arbeidsforhold.
  • Relevant utdanning og praksis innan personalfeltet/HR.
  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk.
  • Gode ferdigheiter med relevante digitale administrasjonssystem.
  • Gode språk og skriveferdigheiter på norsk og engelsk.

Kommunikasjonsrådgjevar

Dette er ei nyoppretta stilling. Hovudoppgåva vil vere å legge til rette for og sette i verk kommunikasjonsarbeid ved publisering på nett, sosiale media og presse. Oppgåver vil vere å planlegge, redigere og produsere tekstar og anna type informasjonsmateriell frå instituttet sine forskarar og leiing, planlegge og gjennomføre arrangement, drift av nettside, og vere rådgjevar for leiinga i kommunikasjonsspørsmål. Du vil bistå forskarane i deira arbeid og bidra i forskings- og formidlingsprosjekt ved instituttet, og du vil assistere direktøren i hennar rolle som ansvarleg redaktør for instituttet sine nettsider og andre publikasjonar.

Du må ha fleire av følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan kommunikasjon eller journalistikk.
  • Relevant arbeidserfaring.
  • God formidlingsevne.
  • Gode språk og skriveferdigheiter på nynorsk, bokmål og engelsk.
  • Kunnskap og interesse for forskingsformidling.
  • Gode ferdigheiter med ulike publiseringsverktøy og bruk av sosiale media.

For dei tre stillingane gjeld:

For å lukkast i stillingane må du ha evne til å arbeide nøyaktig, strukturert og sjølvstendig. Vi søkjer deg som er fleksibel, løysingsorientert, serviceinnstilt, kontaktskapande og ha evne til å etablere god relasjonar og arbeide i team. Vi legg vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. Du må kunne handtere ein hektisk arbeidskvardag med fleire ulike saker. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillingane vil bli vektlagt.

Oppgåvene som er omtalt under dei ulike stillingane kan fordelast på ein anna måte dersom det er kandidatar til stillinga(ne) som har kompetanse som gjer at dei kan løysa oppgåver som er nemnt under fleire av stillingane. I søknaden kan du gjere greie for din kompetanse knytt til alle oppgåvene som er skildra under dei tre stillingane. Dersom du søkjer på fleire av stillingane lyt du rangera dei.

Vi tilbyr:

Vi tilbyr interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar. Stillingane rapporterer til direktør. Lønn etter avtale. Arbeidsstad er Sogndal.

Send søknad med CV til post@vestforsk.no. Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal. 

Søknadsfrist: 1. desember 2018.

For nærare informasjon om stillinga: Direktør Merete Lunde, tlf: 99 60 76 78, e-mail: ml@vestforsk.no

Vi ser fram til å høyre frå deg.

Vestlandsforsking

Søknadsfrist

december 01, 2018 08:45

Kontaktpersonar

Merete Lunde