Helse- og omsorgsleiar, 100 % fast stilling. 2. gongs utlysing

Vi søkjer etter ny helse- og omsorgsleiar i Solund kommune frå 01.01.2019. Stillinga har eit overordna ansvar for helse- og omsorgstenesta, og vert plassert i administrasjonssjefens leiargruppe.

Helse- og omsorgsleiar har ansvar for institusjon/open omsorg, PU-tenesta, psykisk helseteneste og rus, legeteneste, helsestasjon, jordmorteneste, barnevern og fysioterapi/ergoterapi. Helse og omsorgsleiar har også ansvar for kjøkken, vaskeri og reinhald. Ved Solundheimen, som har 20 plassar, er det dagavdeling, fysioterapi og ergoterapi, eige kjøkken og eige vaskeri. Open omsorg gjev omsorg på dag og kveld, det er ikkje nattilbod. Institusjonen og open omsorg er slått saman til ei eining der personalet jobbar i båe einingar.

Arbeidsoppgåver:

-Overordna styring og leiing av eininga

-Heilhetleg ansvar for økonomi og budsjett

-Overordna personalansvar

-Ansvar for å leie og utvikle einingas tenestetilbod, og arbeids- og fagmiljø

-Handsaming av saker for sitt område til politiske organ


Kvalifikasjonar:

-har helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning

-leiarerfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring

-god økonomi- og budsjettforståing

-kjennskap til offentleg forvaltning

-kommuniserer godt, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil

-er løysingsorientert og har vilje til utvikling og samarbeid

-skapar gode relasjonar og resultat gjennom samarbeid med tilsette og deira tillitsvalde

-har stor arbeidskapasitet med evne til å prioritera og delegere

-er nytenkjande og vil arbeide med endring og utvikling


Utdanningsnivå:
Høgskule / Universitet


Personlege eigenskapar:
Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt.


Vi tilbyr:

-spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

-løn etter avtale

-god pensjonsordning i KLP

-tilsetjing i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk

-godt arbeidsmiljø

-full barnehagedekning

-å vere behjelpelig med bustad

-å vere hjelpsam med å formidle kontakt med mogeleg arbeidsgjevar for eventuell partnar


For å søkje på stilling hjå Solund kommune må du registrere CV og sende søknaden elektronisk. Dette gjer du ved å opprette ein eigen brukaridentitet og eit passord i WebCruiter. Du finn meir informasjon om søknadsprosessen på www.solund.kommune.no 

Solund kommune

Søknadsfrist

søndag 23. desember 2018

Kontaktpersonar

Mark Elvevåg, fung. administrasjonssjef

Yvonne Bell, personalrådgjevar

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.