Dagleg leiar for Webbolig

Webbolig AS er et heileigd dotterselskap av Webmegling Technology AS. 

Webmegling Technology AS er eit teknologiselskap inst i ein fjordarm på Vestlandet. Her skapast marknadsleiande teknologi for eigedomssal i samarbeid med vår avdeling i New York.

Webbolig AS er den første plattformen i Norge som er basert på alternativ innteningsmodell. Dette gjer at kunden ikkje får noko direkte kostnadar ved sal av sin eigen bustad. Kunden kan selge bustaden sin sjølv, på ein trygg og sikker måte heilt gratis. Plattforma er innovativ og Norges beste «selg-sjølv»-plattform. Lansering vil finne stad i løpet av november 2018.

Vi ser etter en daglig leder som vil få en heilt unik moglegheit til å utvikle et av Norges mest spennande selskap, i ein bransje som er i rivande utvikling.

Som daglig leiar skal du etablere, leie og utvikle Webbolig AS i heile Norge, frå vårt hovudkontor i Bygstad. Du kjem til å ha fullt budsjett- og resultatansvar. 

Oppgåvene omfattar:

·       Utvikling og daglig drift av selskapet. 

·       Realisering av ny teknologi i webplattforma

·       Forhandle fram nye leads-avtalar

·       Avdekke nye forretningsmoglegheiter

·       Pluss hundrevis av andre oppgåver som vi ikkje har fått plass til i stillingsannonsa

Ynskja kvalifikasjonar:

Aktuelle kandidatar bør ha ein bachelor eller master i tekniske og/eller økonomiske fag (fortrinnsvis innan industriell økonomi).

Personlige eigenskapar:

Du er teamorientert, men opptrer også aleine i operative samanhengar. Du har eit stort kontaktnett, er eit seljande vesen med god munnleg og skriftlig framstillingsevne. Du er godt synlig ovanfor eksterne forbindelsar og har stor operativ gjennomslagskraft. Du må ha interesse for effektiv anvendelse av ny teknologi. Du setter klare mål og har et solid engasjement for å nå disse. Du har en sterk kommersiell legning og du kan vise til gode resultat. I tillegg er du:

·      Sosial og glad i menneske

·      Positiv med gode samarbeidsevner

·      Fleksibel og løysings- og moglegheitsorientert

·      Analytisk med eit ope sinn

·      Strukturert og planmessig

·      Forretningsorientert

·      Dedisert, sjølvgåande og strukturert

Vi tilbyr:

·      Moglegheit for å vere med å skape noko heilt nytt i et selskap med store utviklingsmoglegheiter både nasjonalt og internasjonalt

·      Ein variert arbeidsdag med utfordrande oppgåver

·      Kort veg til beslutningar og moglegheit til å påverke kvardagen

·      Konkurransedyktige betingelsar

·      Eigarskap i selskapet

Send CV og en søknad til daglig leder Pål Anders Kårstad (paal@webmegling.no) eller Odd Kaase (odd@webmegling.no) og fortell kvifor du er den rette for denne stillinga.

Webmegling Technology AS

Søknadsfrist

december 01, 2018 23:59

Kontaktpersonar

Pål Anders Kårstad

Odd Einar Kaase