Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer geoteknikar!

Fagmiljøet innan geoteknikk i Norconsult omfattar for tida ca. 70 medarbeidarar med dei største miljøa i Sandvika, Molde og Gøteborg. Molde og Gøteborg har i tillegg eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium. Norconsult Sogn og Fjordane har 2 dyktige geoteknikarar, og kontoret ønskjer å forsterke miljøet ytterlegare.


Vi har kontor i Førde, Sogndal og Årdal med tilsaman over 50 medarbeidarar. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.


Vi samarbeider tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult. Vi har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot samferdsel- , bygg- og anleggssektoren der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt og kommunaltekniske anlegg. Stillinga inneber at du vert med i vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i Norconsult Region Vest som omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar. Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 12 medarbeidarar.


Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan geoteknikk. Erfaring med geoteknisk prosjektering er eit fortrinn.

Arbeidsstad: Førde, Sogndal eller Årdalstangen.


Er du vår nye medarbeidar?


Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Geoteknisk planlegging og rådgjeving i alle fasar
  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
  • Samarbeid og kontakt med eksterne aktørar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Erfaring og ferdigheiter i bruk av prosjekterings- og berekningsverktøy som AutoCad Civil 3D, Novapoint, GeoSuite og Plaxis er ein fordel

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
    Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
    Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar levert gjennom i vår ledig stilling portal som vil bli handsama. https://www.norconsult.no/karr...

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3000 tilsette som er stasjonert på 93 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Gwf4kmawgpjo91a2525x

Norconsult AS

Søknadsfrist

fredag 30. november 2018

Kontaktpersonar

Tone Kvåle Myklebust

Lars-Idar Vegsund