Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer erfaren elektroingeniør!

Norconsult sitt miljø innan elektroteknikk utgjer i dag omlag 200 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg.


Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.


Vi har i dag over 50 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, der 3 elektroingeniørar saman med 8 VVS ingeniørar utgjer ei sterk TS-gruppe lokalt i fylket. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.



Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 5-10 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.



Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst. Spennande oppgåver ligg framfor oss, særleg knytt store oppdrag som prosjektering av nye Førde sentralsjukehus. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.


Arbeidsstad: Førde, Sogndal eller Årdalstangen.


Er du vår nye medarbeidar?


Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar i bygg og anlegg, eventuelt infrastruktur anlegg
  • Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
  • Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar levert gjennom i vår ledig stilling portal som vil bli handsama: https://www.norconsult.no/karr...

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3000 tilsette som er stasjonert på 93 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Gwf4kmawgpjo91a2525x

Norconsult AS

Søknadsfrist

fredag 30. november 2018

Kontaktpersonar

Lars-Idar Vegsund

Tone Kvåle Myklebust