Norconsult i Sogn og Fjordane søkjer erfaren landskapsarkitekt

Norconsult har i dag eit av dei sterkaste fagmiljøa innanfor arkitektur og design i Norge der landskapsgruppa utgjer nærmare 100 medarbeidarar spreidde over heile landet.

Norconsult Sogn og Fjordane har 2 dyktige landskapsarkitektar, og kontoret ønskjer å styrke landskapsmiljøet ytterlegare.

Vi har kontor i Førde, Sogndal og Årdal med tilsaman over 50 medarbeidarar. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Innanfor landskapsarkitektur har vi store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle fasar i prosjekt – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Hovedtyngda ligg innanfor prosjektering av utomhusområde for skular, barnehagar og helserelaterte bygg, leikeplassar, bustader og samferdsel. Vi jobbar også med store landskapsinngrep i samband med t.d. kraftutbygging.

Vi søkjer etter motivert og dyktig landskapsarkitekt med minst 5 – 10 års erfaring, gjerne frå rådgjevarbransjen.

Arbeidsstad: Førde, Sogndal, Årdalstangen.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av alle typar landskapsprosjekt, frå store offentlege anlegg til mindre private anlegg i alle fasar av eit oppdrag
  • Mogelegheitstudiar og konseptutvikling
  • Landskapsanalysar, konsekvensutgreiingar tema landskap og bistand inn mot kommune- og detaljreguleringsplanar
  • Utarbeiding av formingsrettleiarar
  • Illustrasjonsplanar t.d. til reguleringsplanar
  • Detaljprosjektering av ulike typar anlegg
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Er utdanna landskapsarkitekt på masternivå
  • Set fokus på landskapsarkitektur i alle miljø
  • Har gode formgjevings- og visuelle framstillingsevner
  • Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert
  • Har erfaring med overordna planlegging, konseptutvikling, mogelegheitstudiar, landskapsanalysar med sikte på innspel i arealplanprosessar
  • Har god erfaring med 3D-modellering, visualisering og BIM
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk


Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv


Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar levert gjennom vår ledig stilling portal som vil bli handsama. https://www.norconsult.no/karr...

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3000 tilsette som er stasjonert på 93 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

Gwf4kmawgpjo91a2525x

Norconsult AS

Søknadsfrist

fredag 30. november 2018

Kontaktpersonar

Tone K. Myklebust Kvåle

Lars-Idar Vegsund