Kunderådgjevar bedriftsmarknad i Indre Sogn

Sparebanken Sogn og Fjordane er den største næringslivsbanken i Sogn og Fjordane, med
bedriftskundar over heile fylket. Vi er i dag 30 personar i eit breitt samansett fagmiljø som jobbar
med bedriftskundar i Sogn og Fjordane, og no søkjer vi etter ny Kunderådgjevar Bedriftsmarknad i
Indre Sogn.

Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa
produkt, både til eksisterande og nye kundar.

Bransjeansvarlege med spissa kompetanse innanfor ulike bransjar, er ein viktig del av banken sitt
rådgjevingstilbod, og er ei aktuell utviklingsretning som kunderådgjevar.
Det vil vere ein fordel om du har kjennskap eller tilknyting til fylket. Vi verdset lokalkunnskapen vår
høgt, og det er eit av våre sterkaste konkurransefortrinn.


Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte
• Ansvar for oppfølging av bedriftskundar i eigen kundeportefølje
• Kredittarbeid med handsaming av kredittsaker og risikovurderingar
• Finansiell rådgjeving
• Sikre godt samspel mellom ulike produktmiljø i banken til nytte for kunde


Til stillinga søkjer vi deg som
• har høgare utdanning og eventuelt relevant erfaring
• er offensiv, resultatorientert og kompetent
• kan skape tillit og utvikle gode relasjonar til kundar og kollegaer
• har glimt i auget og trivast med å jobbe i team


Kontorstad er Sogndal, men reiseaktivitet må påreknast.


Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit triveleg arbeidsmiljø, utfordrande
arbeidsoppgåver, konkurransedyktig løn og ei god pensjonsordning.


For informasjon om stillinga kontakt Jan Petter Vadheim (911 46 267) eller Kjetil Bjørset (913 12
250).

Pl0n2clsrmoplx78m96l

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

søndag 21. oktober 2018