Nynorskpraktikant i NRK

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Vi gjev opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 30. praktikantkurset byrjar 3. januar og er ferdig 30. juni 2019.
Det er fem plassar på kullet.