Interkommunale psykologstillingar i Nordfjord

Det er ledig 1,5 stillingar som psykolog med fast tilsetting i interkommunalt samarbeid i Nordfjord.
Det interkommunale samarbeidet omfattar kommunane Eid, Stryn, Bremanger, Selje og Gloppen. Eid er vertskommune, og psykologane vil ha sin base der, med ambulant arbeid ute i dei aktuelle kommunane.
Stillingane er for tida organiserte i stab til rådmann i Eid kommune og skal fungere som eit tenesteovergripande tilbod. Kommunepsykologtilbodet i Nordfjord har eit førebyggjande fokus, i hovudsak retta mot barn/unge og deira familiar. Arbeidsoppgåvene vil t.d. vere deltaking i tverrfaglege fora, samarbeid/drøftingar og rettleiing i skular, barnehagar, helsestasjonar, barnevern, PPT og flyktningtenester, både i enkeltsaker og på tema/systemnivå. l tillegg vil det inngå informasjonsarbeid/ undervisning om psykisk helse, samt deltaking i relevant planarbeid.

For meir informasjon, sjå ekstern lenkje i denne annonsen.

V5yyfm0ket22euvmownq

Eid kommune

Søknadsfrist

søndag 12. august 2018

Kontaktpersonar

Kari Krogh