Sjukepleiar, 75% vikariat - Hyen heimeteneste

Vi har ledig eitt års vikariat som sjukepleiar i 75% stilling ved Hyen Heimeteneste f.o.m. medio august, med muleg forlenging/ fast tilsetting. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er stell og pleie, administrering av medisinar, tilrettelegging og vegleiing av ulike sjukepleieoppgåver. 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med godkjend utdanning som sjukepleiar, men også helsefagarbeidarar kan søkje.
Den tilsette må ha førarkort for bil. 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer ein person som bidreg til eit godt arbeidsmiljø, er god på samhandling og er løysingsorientert. Den som blir tilsett må beherske norsk språk både munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Stillinga er organisert i årsturnus, med arbeid i gjennomsnitt kvar 3.helg.

Det må leverast politiattest før tiltreding