.Net-utviklar

Har du lyst til å vere med å skape verdiar i ein spennande og framtidsretta marknad hos kjente norske og nordiske selskap? Vi opplever sterk vekst, og søkjer difor engasjerte, sjølvstendige og dyktige utviklarar til konsulent-avdelinga vår.

Arbeidsstad vil vere ved eit av kontora våre i Dale i Sunnfjord, Førde, Hamar eller Lillehammer. 

Arbeidsoppgåver

  • Varierte Full Stack-utviklingsoppgåver med skreddarsydde løysingar for kundane våre.
  • Du vil delta gjennom heile utviklingsløpet - frå design til utvikling, test og leveranse.
  • Tett kontakt med kundar, støtte og rådgjeving.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring som utviklar basert på Microsoft .Net.
  • Erfaring frå MS SQL-server og/eller Oracle.
  • Forstår samhandlinga mellom teknologi, bedrift og strategi.
  • Erfaring frå løysingsdesign og arkitektur.
  • Utdanning frå høgskule eller universitetsnivå.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Det er ynskjeleg med erfaring eller interesse innan fylgjande felt:
  • Utvikling av mobile applikasjonar, maskinlæring, automatisering, skytenester (t.d. Azure) og erfaring frå konsulentbransjen.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sette deg inn i kunden sine utfordringar.
  • Likar å jobbe i team, i tett samarbeid med kundar og partnarar.
  • Kunne inspirere og dele erfaringer med andre.
  • Ambisjonar om å utvikle deg fagleg.

Synest du dette verkar spennande, vil vi svært gjerne høyre frå deg!

Send ein kortfatta søknad og CV innan 06.08.2018 til careers.no@enoro.com, eller ved å bruke denne lenka til vårt elektroniske (og engelskspråklege) system for rekruttering: https://chk.tbe.taleo.net.

Kontaktperson: Lars Ingar Øien – tlf. +47 969 96 600.

Acgol6dki6olk4vduqsy

Enoro AS

Søknadsfrist

mandag 6. august 2018

Kontaktpersonar

Lars Ingar Øien