Seniorrådgjevar - løn og rekneskap

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner. 

Løns- og rekneskapstenesta har ledig fast stilling som 

Seniorrådgjevar – løn og rekneskap 

Løns- og rekneskapstenesta har i dag 8 tilsette; løns- og rekneskapssjef, tre årsverk innan lønsområdet og 4 årsverk innan rekneskap og faktura.

Løns- og rekneskapssjefen går av med pensjon i løpet av 2019. 

Personen vil bli tilført fagansvaret innan løn og rekneskap i perioden fram til samanslåingstidspunktet for Vestland fylkeskommune, som er 1. januar 2020. Personen skal avlaste løns- og rekneskapssjefen med den daglege drifta ved LOR.

Andre sentrale arbeidsoppgåver er

  • Utarbeiding av nye rutinar/forbetre eksisterande rutinar
  • Kontakt og rådgjeving med ulike avdelingar/einingar
  • Kontakt med eksterne partar
  • Gjennomføre løns- og rekneskapsoppgåver, bl.a. ulike avstemmingar og kontrollar, samt rapportering
  • Ansvar for rekneskapsavslutning
  • Utstrakt samarbeid/rådgjeving med andre einingar i fylkeskommunen

Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar i dag Visma Enterprise for løn og økonomi. Kjennskap til systemet er difor ein fordel.

Vi krev

  • Mastergrad/hovudfag innan økonomi/rekneskap og administrasjon eller tilsvarande. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet
  • Relevant realkompetanse/arbeidserfaring innan kommunal økonomi/rekneskap
Vi vektlegg
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Kjennskap/praksis i bruk av IT-verktøy/styringssystem, t.d. Visma Enterprise
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og nøyaktig 
  • Gode samarbeidsevner og god på kunnskapsdeling
  • Utviklingsorientert og serviceinnstilt
  • Analytiske evner

Vi kan tilby

  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Fylkeskommunen bidreg også med hjelp til å skaffe bustad og dekking av flytteutgifter 
  • Godt og inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer, og med tilbod om deltaking på kurs og konferansar

Fylkeskommunen nyttar nynorsk. Arbeidsstaden er Fylkeshuset på Leikanger.  

På heimesida vår: www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen. 
Nærmare opplysningar får du hjå løns- og rekneskapssjef Alvhild Orvedal, tlf. 930 06 260 eller (e-post alvhild.orvedal@sfj.no) eller økonomisjef Astrid Lernes tlf. 920 22 176. 

 
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema som du finn i søknadsbildet www.sfj.no  
 
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju. 
 
Søknadsfrist 1. august 2018.