Servicemedarbeidar i kulturhuset Trivselshagen

Har du lyst til å jobbe i Kulturhuset Trivselshagen ? Vi har ledig 2-3 faste stillingar som servicemedarbeidar frå 1. august 2018. 

Stillingane er timebasert, utgjer omlag 15 t/mnd og er organisert med arbeid kvar 3. helg. 

Arbeidsoppgåver

Kundehandsaming, billettering, sal og service
Tekniske oppgåver i samband med filmvisningar/utleige
Vertsskap for kulturhuset
Andre oppgåver m.o.t. drift av kulturhuset.

Kvalifikasjonar

Du er ærleg, punktleg, fleksibel og effektiv
Du har godt humør, taklar stress og er utadvendt
Du er filminteressert og innstilt på sjølv å skape gode kulturopplevingar for kundane våre
Du har god kjennskap til bruk av pc og ulike dataprogram
Du har gode norskkunnskapar
Du har ei positiv haldning og evne til å arbeide sjølvstendig
Du har gjerne erfaring frå anna kunderetta arbeid. 

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast politiattest før tiltreding