Vi søker etter musikk- og kulturskulelærar innan folkemusikk og fele

Førde kulturskule ynskjer å vere ein "kulturskule for alle" i Førde, Naustdal og Gaular kommune.

Per i dag får om lag 400 elevar undervisning i kulturskulen av 20 lærarar. Vi driv desentralisert undervisning på fleire skular. Neste skuleår flyttar vi inn i flunkande nytt kulturskulebygg i tilknyting til kulturhuset i Førde, med gode akustiske musikklokale. Kulturskulen er eit lokalt ressurssenter som samarbeider breitt både innan skule, eldreomsorg, frivilleg kulturliv og med profesjonnelle aktørar.

Vi har ledig:

  • inntil 15 % fast stilling som musikk- og kulturskulelærar innan folkemusikk og fele. Stillinga er ledig frå 1. august 2018.

Oppgåver til stillinga

Stillinga gjeld undervisning av barn og unge felespelarar, både nybyrjarar og dei som har kome langt i si musikkutvikling. Regionen treng tilgang på nye felespelarar, så rekruttering vert også ei av oppgåvene, i tillegg til konsertverksemd for elevane.

Vi søker deg som:

  • er dedikert til undervisning av barn og unge
  • har eit høgt utøvarnivå samtidig som du må kunne lære frå deg
  • kan jobbe sjølvstendig og samarbeide med andre

Du bør ha:

  • 3-årig høgskuleutdanning i musikk og pedagogisk utdanning

Realkompetanse kan vege opp for manglande høgskuleutdanning. 

Søknad

Du søker med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje sak nr. 18/1911.

 

 

Opu7b8uj3s1pbxr9glab

Førde kommune

Søknadsfrist

søndag 1. juli 2018

Kontaktpersonar

Trude Skarvatun