Spennande kulturleiar stilling i Sunnfjord

Det vert no ledig stilling som

AVDELINGSLEIAR

ved Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum ligg i Movika i Førde kommune. Avdelingsleiar er fagleg og administrativ leiar med dagleg ansvar for personale og drift. Museet driv med kulturhistorisk forsking og formidling med utgangspunkt i samlingane, dokumentasjon og samlingsutvikling i samsvar med vedteken strategi og satsingsområde, og forvalting av samlingane inkludert dei antikvariske bygningane.

Vi søkjer ein strukturert og resultatorientert  person med god evne til å motivere og byggje nettverk både lokalt, regionalt og internasjonalt. Avdelingsleiar rapporterer til administrerande direktør.

Kompetanse og kvalifikasjonar

·         Høgare utdanning og erfaring innan relevante fagområder

·         God økonomiforståing og interesse for personalforvaltning

·         Relevant praksis og dokumentert leiarerfaring frå kulturhistorisk museum

·         Interesse for å utvikle museet i samspel med dei andre museumsavdelingane

·         Gode data- og språkkunnskapar og førarkort

Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale. Merk at stillingsnemning og innhald kan bli endra på eit seinare tidspunkt.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tel. 414 46 439, museumsfagleg seniorrådgjevar Thomas Walle tel. 926 22 055 eller sjå www.misf.no.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli gjort offentleg.

Søknad med CV sendast til

Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane

eller til stilling@misf.museum.no

innan 30. april 2018. Merk søknad «avdelingsleiar SUM»

Vlfzummq2tr9xtqr1pwd

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

mandag 30. april 2018