Konsulent ved Rekneskap og skatt

Vi har ledig 100 % fast stilling som konsulent ved eininga Rekneskap og skatt for snarleg tilsetting.

Om oss

Eininga Rekneskap og skatt er felles rekneskaps- og skattekontor for kommunane Førde, Gaular og Naustdal. Førde  kommune er vertskommune og formell arbeidsgjevar for alle tilsette. Vi er 20 tilsette og held til i moderne lokale i Førde rådhus, sentralt i Førde. I tillegg til ansvar for rekneskapsoppgåvene, har vi viktige oppgåver knytt til kommunikasjon med kommunen sine innbyggarar, leverandørar og andre av kommunen sine forbindelsar. Frå 2020 vil kommunane Førde, Gaular, Naustdal og Jølster verte Sunnfjord kommune.

 
Om stillinga

100 % fast stilling som konsulent ved felles rekneskapskontor i Førde kommune er ledig for snarleg tilsetting.

Du vil ilag med dei andre tilsette ved rekneskaps- og skattekontoret utgjere eit team som legg grunnlaget for god økonomistyring og rapportering i kommunane. Du rapporterer til einingsleiar for Rekneskap og skatt.


Arbeidsoppgåver:

  • Ulike oppgåver knytt til dagleg rekneskapsføring.
  • Periode- og årsavslutning med tilhøyrande avstemmingar og dokumentasjon.
  • Rapportering til offentlege instansar.
  • Utvikling av rutinar og utøving av internkontroll.
  • Opplæring og rådgjeving.
  • Delta i etablering av nytt firma for Sunnfjord kommune.
  • Problemløysing, avstemming og andre løpande oppgåver innan rekneskapsområdet.


 
Kvalifikasjonar

  • 3 - årig relevant høgskuleutdanning, til dømes innan rekneskap, revisjon eller økonomi.
  • Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta.
  • Gode datakunnskaper og erfaring med bruk av ulike datasystem.
  • Erfaring med Visma Enterprise/Visma Web eller andre liknande økonomisystem er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.
  • Erfaring frå prosjekt-  og utviklingsarbeid er ynskjeleg.


Vi kan tilby

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan rekneskapsområdet.
  • Høve til vidareutdanning innan relevante fag/emner.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Lønn etter tariff.
  • Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP. Gjennom medlemskap i KLP får du og gode ordningar innan  forsikring, lån og banktenester.


  
Meir informasjon?

Du får nærmare opplysningar om stillinga ved å ta kontakt med einingsleiar Terje Guddal, telefon 90953559, e-post terje.guddal@forde.kommune.no.


  
Søknad

Søk på stillinga med det elektroniske søknadeskjemaet vårt som du finn på www.forde.kommune.no og oppgi saksnr 18/499.