Spanande fast stilling som fagkonsulent

Arbeidslag 3 yter heildøgns teneste til menneske med djup/alvorleg grad av utviklingshemming, og omfattar einingane Øyra buområde og Vevang dagsenter. 

Vi har no ledig ei stilling som fagkonsulent i arbeidslag 3 for snarleg tiltreding. Dette er ei spanande stilling der fagkonsulenten har ei sentral rolle i arbeidslaget både når det gjeld planlegging og gjennomføring av ulike aktivitetar, i tillegg til rettleiing og opplæring av dei andre tilsette. Stillinga som fagkonsulent har arbeidstid på dagtid.

For meir info om stillinga, sjå våre heimesider.