Lotteri- og stiftelsestilsynet søkjer trainee innan jus

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Lotteritilsynet har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for arbeidet vårt med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping.

Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar.

Tilsynet held til i Førde, og vi har i dag totalt 73 tilsette. For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no.

Lotteri- og stiftelsestilsynet er traineebedrift i det fylkesdekkjande traineeprogrammet for Sogn og Fjordane: Traineestillingar 2018/2019

No søkjer vi nettopp deg til å bli trainee i tilsynet!

Vi ser etter ein nyutdanna, engasjert og serviceinnstilt person med masterutdanning innan jus. Du vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram frå august 2018 til august 2019. Du vil vere knytt til ei avdeling men vil rotere mellom ulike avdelingar i tilsynet.

Kven er du?
Du er nyutdanna og stolt av fagkompetansen din. Du er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner. Har du i tillegg erfaring frå arbeid i ein frivillig organisasjon, er det berre ein fordel.

Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få

  • ein god start på karrieren
  • fagleg og personleg utvikling
  • ein mentor som følgjer deg opp
  • inngåande kjennskap til frivillig sektor i Noreg
  • godt innblikk i statleg forvaltning
  • eit breitt innsyn i næringslivet i Sogn og Fjordane
  • betalt studietur til utlandet i april/mai 2019

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Kvar skal du jobbe?

Vi held til i moderne kontorlokale i Førde sentrum, med felles kantine og trimrom.

Tilsetjing i august 2018 (eventuelt tidlegare om ynskjeleg). Løn etter avtale.

For spørsmål om stillinga kan du kontakte:

  • Avdelingsdirektør Bjørn Morten Øen, tlf. 57 82 80 55, mobil. 90 20 61 00, e-post: bmo@lottstift.no  
  • Seniorrådgjevar/HR Siv-Karin Hestad, tlf 57 82 80 44, mobil 99 28 43 25, e-post: skh@lottstift.no

Søknadsfrist 1. mars 2018.


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her

Jzbryklmkf2p2bo3nsbh

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Bjørn Morten Øen

Siv-Karin Hestad