Avdelingssjukepleiar - 100% fast

Me har ledig

100% fast stilling som avdelingssjukepleiar med ansvar for heimesjukepleien sone 1(ÅBO) og Korttidsavdelingen på ÅBO, frå ca. 1.3.18.

Det er arbeid på dagtid. Samarbeider tett med avdelingssjukepleiar for utesona i heimesjukepleien (sone 2).

Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig anna sjukepleiarstilling. Skriv i søknaden om du i tilfelle vil vurderast.

Arbeidsoppgåver

Avdelingssjukepleiaren på ÅBO har ansvar for 24 fastbuande som bur i leilegheiter på ÅBO og 9 korttidsplassar som er lokalisert i 2. etg. på ÅBO.

 

Avdelingsleiar er den raude tråden i avdelingane og  har blant anna ansvar for følgjande:

 - Personalansvar

 - Turnus og bearbeiding av hjelpeturnusar og timelister

 - Innleige av vikarar ved korte og lengre fråver

 - Oversikt og oppfølging av budsjett for avdelinga

 - Oppfølging av  tenestemottakarar og pårørande og vurdering av tildeling av tenester.

 - Ansvar for at rutinar og prosedyrar vert følgt opp på avdelingane.

  Fagsystem: Minvakt, Gerica og Acos

 

Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som sjukepleiar.

 

Personlege eigenskapar

Søkjar bør :

- trivast i eit hektisk miljø

- vere god på logistikk og planlegging

- ha god diagnosekunnskap

- ha gode mellommenneskelege eigenskapar

- like arbeid med turnus og budsjett

- ha gode datakunnskapar

- ha god informasjonsformidling

  Det er ønskjeleg at søkjar har tidlegare leiarerfaring.

 

Løn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter stillingskode 7021 med for tida lønsplassering kr. 563.000,- pr. år i 100%

2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Må ha førarkort for bil.

Politiattest vil verte krevd.

Du kan søkje ved å klikke på denne lenka:http://178.23.101.166/ardalrec...

L3zjnv2tinnhqxzh0wnw

Årdal kommune

Søknadsfrist

29. januar 2018

Kontaktpersonar

Hilda Nese