Sjåfør/driftsoperatør i tekniske tenester

Me har ledig

100% stilling som sjåfør/ driftsoperatør i tekniske tenester på renovasjon.

 Arbeidsoppgåver

Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg og leikeplassar,

kyrkjegardar, vassforsyning avløp og renovasjon.

Denne stillingen har arbeidsoppgavene i hovudsak innanfor renovasjon.

På renovasjon er det jobbrotasjon der drift av forbrenningsanlegg, sjåfør på renovasjonsbil og sidemann på renovasjonsbil inngår.

 

Kvalifikasjonskrav

Førarkort i klasse C, er eitt krav til stillinga. Det er ei føremon med utdanning innan mekaniske eller tekniske fag. Det er og ønskjeleg med kvalifikasjonar som kunnskap om og erfaring frå drift/vedlikehold av prosessanlegg eller tekniske anlegg.

Personlege eigenskapar

Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter;ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode løysingar. 

Løn og tilsettingsvilkår

Stillinga er løna etter avtaleverket. I stillingskode 7517 som fagarbeidar er det for tida ei lønsplassering frå kr. 333.300,-  til kr. 401.200,-. I stillingskode 7542 som spesialarbeidar er løna mellom kr. 288.500,- til kr. 391.200,-  

Kommunen har ei god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidgjevar yter resten. Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre- ektefelle- og barnepensjon. I tillegg har kommunen personforsikring for yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.

 Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune. 

Me tilbyr

Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.

Du kan søka på stillingen ved å klikka på linken:  http://178.23.101.166/ardalrec

L3zjnv2tinnhqxzh0wnw

Årdal kommune

Søknadsfrist

29. januar 2018

Kontaktpersonar

Arne Johannes Kjos