Tiltak i Svelgen

Ved tiltak i Svelgen er det ledig 5 stillingar, 4 av desse er heiltid. Stillingane er ledig frå snarast.

Vi søkjer etter:
- personar med relevant høgskule utdanning eller fagarbeidarar. Det er ein føremon med vidareutdanning og/eller erfaring innan psykiatri.
- fleksible medarbeidarar. Ved tilsetjing vil vi legge vekt på personlege eigenskapar og vår vurdering av korleis du vil fungere i personalgruppa.


Stillingane går for tida i medleverturnus med langvakter.


Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato. 


Bremanger kommune kan tilby: 
• God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.
 
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden. 
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Hshpf3ktjeitog5zcbd0

Bremanger kommune

Søknadsfrist

28. januar 2018