SIVILINGENIØR FOR PROSJEKTERING AV VASSKRAFT

Brødrene Dahl avd. Vasskraft leverer utstyr og løysingar til vasskraftbransjen, og er ein divisjon i Brødrene Dahl AS. Vi held til i Dale i Sunnfjord, og har om lag 25 tilsette som arbeider med salg, prosjektering og oppfølging av leveransar av både vasskraft-komponentar og komplette anlegg. No søker vi å styrke laget vidare på prosjektering.

Dine typiske oppgåver:

  • Prosjektering av vasskraftanlegg
  • Dimensjonering og detaljteikning av byggkonstruksjoner for vassskraftverk; dammar, inntak, forankringsklossar og kraftstasjon
  • Utarbeiding av førespurnader og kontrakter for byggentrepriser
  • Rådgjeving og teknisk kontrollarbeid

Din bakgrunn og dine eigenskapar:

  • Du er sivilingeniør innan bygg/konstruksjon med minimum 4-5 års erfaring
  • Du har jobba med prosjektering/prosjekteringsleiing og har kjennskap til 3D teiknings- og berekningsverktøy
  • God forståing for krefter, trykk og konstruksjon
  • Det er ein fordel at du har joba med vasskraft og har erfaring frå kraftselskap, entreprenør- eller rådgjevingskontor
  • Du er ein medspelar med gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team

Dette kan vi tilby:

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår, god pensjons- og forsikringsordning, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt nærleik til fjord og fjell.

Vi har ei leiing som er medviten om at medarbeidarane er bedrifta si viktigaste ressurs, og det er lagt til rette for ei rekke sosiale aktivitetar.


Sjå www.dahl.no for meir informasjon om Brødrene Dahl.

Ta kontakt med Bjarte Grytli Seim om du har spørsmål; tlf: 45401718. E-post: Bjarte.Seim@dahl.no

Skriftleg søknad sendast til:

Brødrene Dahl AS, Postboks 84, 6963 Dale i Sunnfjord.

Søknadsfrist: 1. februar 2018.

Hylrbjtrzek3g9lflnh8

Brødrene Dahl Vasskraft

Søknadsfrist

1. februar 2018

Kontaktpersonar

Bjarte Seim