Vikariat Ergoterapeut/Ergoterapeut

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod om rehabilitering for pasientar med behov for ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming i spesialisthelsetenesta.

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr fysikalsk rehabilitering ved kreftsjukdom, nevrologiske lidingar, CFS/ME, muskel-/ skjelettlidingar, hovudskade, hjerneslag, tinnitus/ Menières sjukdom, samt livsstilsendring ved sjukleg overvekt. Senteret har og tilbod om arbeidsretta rehabilitering for personar der tilbakeføring til arbeid/ utdanning er ei målsetting.

Det medisinsk faglege teamet består av legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom/attføringskonsulent, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, helsefagarbeidar og logoped. Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.

___________________________________________________________________________

Fysioterapeut/Ergoterapeut - vikariat

Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling som fysioterapeut/ergoterapeut i perioden

01.02.2018 – 31.12.2018.

Vi søker etter ein  fysioterapeut/ergoterapeut med kompetanse eller interesse innan nevrologi og erfaring med tilrettelegging av aktivitetar for personar med redusert funksjonsnivå.

Det er forventa at fysioterapeut/ergoterapeut fungerer som kontaktperson for pasientar. Arbeidet omfattar klinisk undersøking, tilpassing av treningsopplegg, dokumentering og oppfølging under opphaldet.

Erfaring innan rehabilitering, vil vere ein fordel.

KVALIFIKASJONAR:

Autorisert fysioterapeut/ergoterapeut.

Søkarar må ha norsk autorisasjon og beherske norsk skriftleg og munnleg.

Gode samarbeidsevner, erfaring med tverrfagleg arbeid, evne til og vere fleksibel og personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Det vil kunne bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

VI TILBYR:

            • Arbeid med utfordrande faglege oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø

            • Varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent miljø

            • Konkurransedyktige vilkår

            • Eit godt arbeidsmiljø

OPPSTART:

01.02.2018

ArbeidsgJEVAR OG ARBEIDSSTAD:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Haugland, 6968 FLEKKE

HEIMESIDE:

www.rkhr.no

Kontaktperson: Thor Grane, personalleiar

Telefon: 577 37 107

Søknadsfrist:

30. desember 2017

Søknad merkAST:

Fysioterapeut/ergoterapeut

Søknad MED CV, ATTESTAR OG VITNEMÅL sendAST TIL: ledigstilling@rkhr.no


W1bwahlnwbyuclwadfwz

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Søknadsfrist

30. desember 2018