Fagarbeidar/assistent i Vieåsen barnehage

Om oss:

Vieåsen barnehage starta opp hausten 1987. Vi har no 2 avdelingar med 9 plassar for barn i alderen 0-3 år og 2 avdelingar med barn i alderen 3-5 år. Barnehagen har full dekking av pedagogar.
 

Ledig 100% vikariat som fagarbeidar/assistent 

Vi søkjar etter fagarbeidar/assistent i 100 % vikariat frå 15.03.2018-15.02.2019, truleg med høve til forlenging fram til 15.08.2019. Stillinga er for tida på avdelinga med barn i alderen 0-3 år.
Dersom den som vert tilsett er utdanna barnehagelærar, vert stillinga lønna som barnehagelærar.


Vi ønskjer at du:

  • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • har engasjement og initiativ
  • likar å arbeide i eit fagleg og travelt miljø
  • har erfaring frå arbeid på småbarnsavdeling
  • har gode munnlege norskkunnskapar


Referansar må gjevast opp i søknaden.
Tilfredsstillande politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting.
 


Kontaktperson:

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte styrar Sissel Elin Årdal, telefon 57820458/95143280 eller  epost: sea@forde.kommune.no.
 


Søknad:

Søk på stillingane med vårt elektroniske søknadsskjema som du finn på www.forde.kommune.no og oppgi saksnr. 17/3312.

Opu7b8uj3s1pbxr9glab

Førde kommune

Søknadsfrist

29. desember 2017