Biblioteksjef

Høyanger bibliotek består av hovudbiblioteket i Høyanger tettstad og 5 filialar lokalisert på begge sider av Sognefjorden. 3 av filialane er kombinasjonsbibliotek. Hovudbiblioteket er ope måndag – laurdag. Biblioteksjefen er stasjonert ved hovudbiblioteket. Totalt har biblioteket 3,7 stillingar. Høyanger bibliotek søkjer no ny biblioteksjef i 100 % stilling frå 01.03.18.

Biblioteksjef

Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan, inklusive laurdag- og ettermiddagsvakter.

Hovudoppgåver for stillinga:

  • Fagleg ansvar for bibliotektenesta i kommunen
  • Initiere og koordinere utviklingsprosjekt
  • Arbeidsleiing av personalet ved hovudbiblioteket og filialane

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent bibliotekfagleg utdanning
  • Yrkeserfaring som bibliotekar
  • Leiarerfaring
  • Vilje og evne til utvikling av biblioteket, herunder god digital kompetanse
  • Arrangement-kompetanse
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Kreativ, engasjert
  • løysingsorientert
  • gode samarbeidsevner


Løn etter avtale.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kultursjef Anita Nordheim, tlf 959 22434

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter på www.hoyanger.kommune.no

Merk søknaden med sak 17/825.

SØKNADSFRIST: 31.12.17

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Uo0v7h5sah2rwnshopx5

Høyanger kommune

Søknadsfrist

31. desember 2017

Kontaktpersonar

Kultursjef Anita Nordheim