Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt (2 stillingar)

Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere meir enn bank. Bank- og finansbransjen er i stor endring og kundeåtferda i konstant utvikling. I Sparebanken Sogn og Fjordane har vi derfor fokus på forretningsutvikling og satsar på digitale løysingar. Vår visjon er å vere ein drivkraft for fylket og for at vi skal kunne vere det søkjar vi fleire gode hovud.

Vi søkjer no trainee med kompetanse innan digital marknadsføring, juss eller produktutvikling og IT.

Arbeidsoppgåver kan vere

  • Analyse og statistikk
  • Webdesign
  • Programmering og automatisering
  • Utvikling web/mobil/DevOps
  • Avtalerett
  • Økonomisk kriminalitet og antikvitvask
  • Informasjonssikkerheit

Vi er på utkikk er deg som er nysgjerrig, tørr å utfordre, lærevillig, engasjert og har interesse for kommunikasjon og teknologi.

Vi kan tilby deg

  • Eit spennande år med høve til utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Hyggelig og uformelt arbeidsmiljø
  • Muligheit til å forme din eigen rolle

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Vi vil gjerne at du sender oss ein videopresentasjon der du fortel kven du er og om din motivasjon til stillinga. Legg denne som vedlegg i søknaden. 


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Pl0n2clsrmoplx78m96l

Sparebanken Sogn og Fjordane

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Eirik Rustad Ness