CrediCare søkjer trainee innan forretningsutvikling

CrediCare leverar betalingsløysingar og kredittoppfølging til bedrifter, helseføretak og treningssenter i Noreg. Vi utviklar og driftar løysingar integrert i oppdragsgjevars økonomisystem, journalsystem eller medlemssystem som automatiserer og forenklar betaling og kredittoppfølging. Vi leverar også kunde- og pasientservice som en del av tenesta, slik at betalar alltid får den hjelpa dei treng.

CrediCare er ei kompetansebedrift med høgt arbeidstempo og kor entreprenørånda står sterkt. 40 engasjerte menneske har sitt daglege virke i CrediCare, med hovudkontor i Førde og salsavdeling på Gjøvik.

Har du interesse for digital kommunikasjon og konseptutvikling, kan du vere den vi vil ha med på laget komande år?

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Som trainee hos CrediCare tilbyr vi deg

  • Ein unik start på karriera
  • Nettverk med andre traineear
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein mentor som følgjer deg opp
  • Deltaking i sentrale prosesser i vår forretningsutvikling

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved vårt kontor i Førde.

Om stillinga

  • Vi ser etter deg som kan ivareta nokre av desse arbeidsoppgåvene
  • Design og spesifikasjon av løysingar
  • Produkt og konseptutvikling
  • IT og integrasjonsarkitektur
  • Løysingsarkitektur
  • Prosjektdeltaking og -leiing
  • Design av digitale brukargrensesnitt
  • Prosessutvikling og business intelligence
  • Brukarvenleg design / Usability-design

Kvalifikasjonskrav – formelle og personlege eigenskapar

  • Utdanning innan økonomi, IT, entreprenørskap, innovasjon, produkt- eller tenestedesign
  • Erfaring eller kompetanse innan produkt og forretningsutvikling for tenester og programvare, interaksjonsdesign, konseptutvikling, brukartesting og/eller prototyping
  • Eller erfaring frå eller kompetanse på prosess, informasjons- eller tenestemodellering
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg, norsk og engelsk
  • Løysingsorientert
    • Lidenskapelig opptatt av ny teknologi og framtidas løysingar
    • Evnar både å fokusere på detaljnivå og heilhet i løysingar
  • Arbeidar godt både i team og sjølvstendig

Vi kan tilby deg

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Godt arbeidsmiljø med god takhøgd
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver


Ta kontakt med Børge Klakegg; borge@credicare.no for ytterligare informasjon


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Iauoovf1pygee8zw6x1n

CrediCare

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Børge Klakegg